Tag: Thymos

  • Postmodernismens fargerike helvete – Den utrulege digitale sirkusen (2023)

    Postmodernismens fargerike helvete – Den utrulege digitale sirkusen (2023)

    Den uavhengige teikneserien «The Amazing Digital Circus» (TADC) får sin siste episode i juni, etter å ha vorte eit globalt nettfenomen. Ifølgje analysen, som stod på trykk i nettmagasinet Thymos, slo pilotepisoden ned med over 100 millionar visningar på YouTube og stytte «Hazbin Hotel» frå trona. Sidan den gong har sju episodar på kring tjue minutt kvar sette dagens ljos, og den timelange avslutningsepisoden skal visast på kino i fleire land – to veker før han vert sleppt digitalt.

    I Thymos-essayet vert serien skildra som eit verk som fangar det postmoderne vesenet betre enn noko anna kunstprosjekt dei seinare åri. Skribenten understrekar at historia utspelar seg i eit dataspel der seks menneske er fanga under kontroll av ei kunstig intelligens, Cain, som driv ein digital sirkus. Cain prøver å underhalda dei med eventyr, men vil – eller kann ikkje – sleppa dei ut til den verkelege verdi. Forfattaren peikar på at premisset minner um «I Have No Mouth and I Must Scream», men at serien går sine eigne vegar: Cain er ikkje ei vond plageånd, men ein programmert skodespelar med avgrensa forståing av menneskelege kjenslor, noko som gjer innhaldet derivativt og tomt.

    Figurane i teikneserien er, hevdar essayisten, vanlege borgarar med selektivt minnetap, og dei er skrivne med ei truverd og eit vidd som stig langt over Vivziepop sin berykta stil. Her er korkje grov humor eller traume-dumping, men i staden ei tropp av gjenkjennelege personlegdomar frå nettforum. Han peikar òg på at den visuelle stilen er medviten: 3D-animasjonen er i ein retrosjanger frå tidleg 2000-tal, noko som både gjev rom for teiknefilm-logikk og tydeleggjer at den digitale sirkusen er ein virtuell, glitjande lekam der det uhyggelege og unaturlege rørsler lurar under overflata. Dette underbygger, slik kjelda ser det, kjensla av at heile verda er ein underhaldningsmaskin der karakterane er brikker – som Cain sjølv segjer i serien: «You are my playthings». Essayisten tolkar figuranes leiketøy- og kvardagstingdesign som eit teikn på at dei er fanga i eit system som ikkje gjev rom for noko opphavleg.

    Den postmoderne problematikken stend sentralt i analysen. Forfattaren dreg liner til filosofar som Arnold Gehlen og Jean Baudrillard og skildrar korleis rammene i det digitale sirkuset speglar ei verd der mennesket lever i ei unaturleg, sjølvskapt umgjerd som det likevel ikkje rår yver. Ho minner um at sjølve identiteten er vorten problematisk, og siterer Max Scheler: «Wir sind in der ungefähr zehntausendjährigen Geschichte das erste Zeitalter, in dem sich der Mensch völlig und restlos problematisch geworden ist.» Ho meiner at serien syner dei ulike svara på denne tomheiti. Pomni stend for freistnaden på å røma, medan Zooble representerar eit trassig rop um å gjenoppliva dei gamle stornarrativi. Når utbrotsplanane strander og fortidi ikkje let seg kalla att, kjem avmakti – abstraksjonen, som står for ein slags daude. For Jax vert loysinga å finna seg til rettes i den hedonistiske moroskapen, noko som han, ifølgje skribenten, lukkast dårleg med.

    Essayisten snur til slutt mot Albert Camus og skriv at det å kjempa mot eit mål kann fylla eit menneskesinn, jamvel um meiningi sjølv er fråverande. Ho grunngjev at fanskaren, som er nærast manisk oppteken av å tolke kvar minste piksel og klekka ut hovudteoriar, kanskje fell i den same fella. Ho mistenker at ingen av deim som tolkar ein scene, ei linje eller ei form, hev rett, og at TADC sin einaste meining ligg i meiningsløysa. Dette, ser ho som Gooseworx sin største kunst: å formidla innhald gjennom innhaldsløyse. Ho rosar òg skaparen si evne til å halda distanse til det ho skildrar som eit giftig og sjølvrettferdig fandom.

Fylg oss: YouTube Telegram
Meld deg inn i Vestlandske Mållag

Få dei fem viktigaste sakene frå Vestmennene rett i innboksen - éin e-post i veka.

Andre prosjekt: Fjordgefluster.no Nordisches.se Maalmannen.no