Tag: kvanteforsking

  • Google løyste eit 20 år gamalt problem.

    Google løyste eit 20 år gamalt problem.

    Ein feilrate som minkar med ein faktor på 40, er ikkje kvardagskost. Det er resultatet av meir enn to tiår med tolmodig arbeid i kvanteforskingi.

    No melder Google um eit framsteg på nett dette området. På Willow-prosessoren hev forskarane demonstrert ein metode som gjer dei såkalla «magiske tilstandane» mykje reinare. Slike tilstandar er naudsynte byggjesteinar for kvanteprogram, men dei hev vore særs ressurskrevjande å laga. Google reknar med at denne jobben åleine kann beslagleggja upptil 95 prosent av kapasiteten i ein kvantedatamaskin. Når ein då fær feilraten ned med ein faktor på 40, og den logiske tilstandsfideliteten upp i 99,99 prosent, er det ikkje berre eit tal på eit papir. Det er ei løysing på eit problem som hev hefta ved teknikken i over tjue år.

    Framgangen minner um at dei store gjennombroti sjeldan kjem frå ein einskild, dramatisk augneblink. Dei kjem frå at nokon tek seg tid til å rydda i fundamentet. Her hev Google-forskarane m.a. funne og retta ein feilaktig føresetnad i sjølve målemetoden. Støy frå elektrisk utstyr og temperaturvariasjonar hadde påverka resultati på ein måte som ikkje var teken med i rekningi. Det er ein viktig detalj: vegen til eit meir påliteleg system gjekk ikkje berre gjennom ny maskinvare, men gjennom betre forståing av kva ein eigentleg mæler.

    For framtidi tyder dette at kvantedatamaskinane kann bruka mindre av kreftene sine på førebuing og meir på sjølve utrekningene. Det er eit steg mot maskinar som ein dag kann hjelpa til med å finna nye lækjemiddel, betre batteri og meir effektive logistikkløysingar. Enno er ikkje maskinen ferdig, og metoden må provast i større skala. Men når eit tjuge år gamalt problem fær ei so konkret løysing, er det grunn til å gleda seg.

    Kjelde: ITavisen

Fylg oss: YouTube Telegram
Meld deg inn i Vestlandske Mållag

Få dei fem viktigaste sakene frå Vestmennene rett i innboksen - éin e-post i veka.

Andre prosjekt: Fjordgefluster.no Nordisches.se Maalmannen.no