Dette er ein ideologisk artikkel frå ei italiensk høgreside (NoReporter). Me meiner det er av allmenn interesse å vita om, og presenterer det ikkje som Vestmennene sitt eige syn.
Ein bortgøymd mayaby djupt inne i regnskogen i Campeche i Mexico er nett komen for dagen, over tusen år etter at han vart forlaten. Staden ber namnet Minanbé, og tyder bokstavleg tala «det finst ingi veg» på yukatekisk maya – eit ord som speglar dei umåteleg krevjande tilhøva arkeologane møtte for å nå fram.
Utgravingi er resultatet av eit samarbeid millom mexicanske og slovenske forskarar, leidde av arkeologen Ivan Šprajc frå Det slovenske akademiet for vitskap og kunst. I over tretti år har gruppa drive systematisk kartleggjing av dei sentrale mayalåglanda, og no har dei lokalisert ein by som ligg so isolert at han knapt hev vore rørd av menneske i moderne tid. Staden ligg i det nordlege hjørnet av Calakmul biosfærereservat, eit område verna nett på grunn av den tette jungelen og mangel på vegar.
Då arkeologane endeleg trengde inn i det utilgjengelege landskapet, openberra det seg eit velorganisert bysentrum. Hovudfunnet er eit pyramideforma tempel på meir enn tretten meters høgd, dokumentert av arkeolog Vitan Vujanović. I tillegg vart det avdekt monumentale plassar, palassbygningar, terrassar, dreneringskanalar og spor etter avanserte vassvegar. Alt vitnar um ein høgt utvikla byplan.
Heile fjorten steinmonument – stelor og altar – vart registrerte. Fleire av deim hev framleis tydelege relieff og restar av hieroglyfinskrifter. Den fyrste stela, kalla Stele 1, syner ei scene med halshogging og hev ein kalendardato som peikar mot året 849 e.Kr. Ifølgje arkeologen Esparza Olguín tyder dette på at fleire av monumenti vart reiste like før byen vart fråflytt, truleg i laupet av 900-talet, då dei fleste mayabyane på låglandet gjekk under.
Serskild interessa knyt seg til Monument 6. Denne stela er kløyvd i tvo, men viser ein rikt utsmykka herskar med fjøreprydd hovudplagg, halskjeder, armband og ein stor brystprydnad. Runding tekstar kann innehalda ein endå eldre kalendardato, kann henda frå seint på 600-talet. Skulde det stadfeste seg, vert dette den eldste innskrifti som er funnen i det undersøkte området so langt.
Forskarane legg vekt på at byen er sers godt teke vare på. Av di ingi vegar fører dit, hev ikkje gravplyndrarar eller moderne utbygging gjort skade. «Det er fyrste gongen eg dokumenterer eit tempel som er so nokolunde vel halde, og ei stele som framleis hev glyfar,» uttala Vujanović.
Funnet gjev eit eineståande innblikk i dei siste hundr’åri av mayasivilisasjonen, nett fyrr byane vart liggjande øyde. Samstundes syner det kor mykje som endå ligg gjøymt under trekronone i Calakmul-regionen. Med Minanbé kann arkeologane no studera ein by som aldri vart forstyrra – eit urørt tidsbilete frå eit av dei mest fengslande folkeslaga i Amerika.
Kjelde: NoReporter
